Othersta
  1. Homepage
  2. allkunne

#allkunne hashtag

Posts attached with hashtag: #allkunne

Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram Profile Photo
allkunne

Allkunne – Levande leksikon

Gjennom sommaren deler Allkunne drypp om språkbruk frå Språkfakta. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ #allkunne

Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram Profile Photo
allkunne

Allkunne – Levande leksikon

Gjennom sommaren deler Allkunne drypp om språkbruk frå Språkfakta. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ I interaktivt språkkart over Europa på allkunne.no kan du sjå kva land som har ratifisert Minoritetsspråkpakta med kva språk. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ #allkunne

Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram Profile Photo
allkunne

Allkunne – Levande leksikon

Hulda Holtvedt (f. 1.6.1999) er den yngste ungdomspartileiaren i Noreg nokon gong. Holtvedt blei vald til nasjonal kvinneleg talsperson for Grøn Ungdom, ungdomspartiet til Miljøpartiet Dei Grøne, i 2017 og utgjer leiarduoen i ungdomspartiet saman med Teodor Nordenstrøm Bruu. Ho blei politisk aktiv tidleg, og allereie som 12-åring melde seg inn i Grøn Ungdom. Holtvedt har eit sterkt engasjement for klimasaka, og trass i den unge alderen har i fleire år vore aktiv og synleg i media gjennom debattar i fjernsyn og radio og gjennom arinnlegg og kronikkar. Ho er vararepresentant nr. 3 til Stortinget for Oslo MDG for perioden 2017–21, og i mars 2019 debuterte som den yngste parlamentariske leiaren gjennom tidene. Holtvedt fekk refs for brot på parlamentarisk praksis då i det første innlegget sitt på Stortinget kalla klimapolitikken ein flopp. Holtvedt har hatt ulike verv i Elevorganisasjonen i Oslo, i tillegg til verva i Grøn Ungdom. Ho var bloggar for FN-sambandet i 2015–16 og fast skribent i Aftenposten si spalte Si;D i fleire år. ☞ Les meir på allkunne.no ☜⁣ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⁣ Bilete: Hulda Holtvedt (2019). Foto: Magnus Skrede / MDG. Kjelde: Grønn Ungdom på flickr.com. CC BY-ND 2.0. ⁣ #allkunne

Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram Profile Photo
allkunne

Allkunne – Levande leksikon

I dag er det 140 år sidan pressemannen og arbeidarpartipolitikaren Martin Tranmæl (1879–1967) vart fødd i Melhus i Trøndelag. Han er rekna som den fremste politiske leiaren i Arbeidarpartiet i mellomkrigstida. Tranmæl var medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet mellom 1906 og 1918, og av sentralstyret frå 1918 til 1963. Frå 1921 til 1949 var han redaktør av hovudorganet i partiet, Social-Demokraten (frå 1923 Arbeiderbladet). Han var med på alle LO-kongressane frå 1907 til 1961, og han var medlem av sekretariatet i 1920–25 og 1927–46. På Stortinget sat han frå 1925 til 1927. Martin Tranmæl tok initiativet til Fagopposisjonen av 1911, som tok sikte på å gjere fagrørsla meir eigna for revolusjonær kamp. Tranmæl stod sentralt i arbeidet med å utforme etterkrigspolitikken til partiet, og han var også ein viktig politisk figur i partiet i 1950-åra. Han var el aktiv avhaldsmann. ☞ Les meir på allkunne.no ☜⁣ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⁣ Bilete: fotografi av Martin Tranmæl. Eigar: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: AAB-114242. CC BY-NC-ND 4.0. ⁣ #allkunne

Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram Profile Photo
allkunne

Allkunne – Levande leksikon

26. juni 1945 blir skipingskonferansen for Dei sameinte nasjonane (SN/FN) i San Francisco avslutta. Konferansen opna same staden 25. april. 50 deltakarland er blitt samde om ei pakt for eit nytt verdsforbund som skal kome i staden for Folkeforbundet. Det er blitt skipa 1919 og har på det meste hatt 58 medlemsland. Deltakarlanda som er til stades i San Francisco, signerer pakta på avslutningsdagen. Pakta gjeld offisielt frå 24. oktober 1945, som seinare blir feira som SN-dagen. Alt ved utgangen av året har SN 51 medlemsland, og i 1946 blir Folkeforbundet oppløyst. Det nyaste medlemslandet er Sør-Sudan, som 14. juli 2011 blir medlemsland nr. 193. I Folkeforbundet var fransk, engelsk og spansk offisielle språk, og på eit tidspunkt blei det vurdert å innføre esperanto som arbeidsspråk. SN har frå skipinga fem offisielle språk – engelsk, fransk, mandarin, russisk og spansk. I 1973 blir arabisk det sjette offisielle språket. Arbeidsspråka er engelsk og fransk, og i 1974 får tysk status som dokumentspråk. ☞ Les meir på allkunne.no ☜⁣ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⁣ Bilete: frå eit møte 4. mai 1945 under skipingskonferansen for SN. Kjelde: United Nations Photo på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0. ⁣ #allkunne

Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram Profile Photo
allkunne

Allkunne – Levande leksikon

Hydrogen er det lettaste og minste av grunnstoffa. Det blir brukt i romferjer, luftskip og som alternativ energikjelde i staden for fossile brennstoff. Namnet hydrogen kjem frå dei greske orda hydor, som tyder 'vatn', og genos, som tyder 'slekt'. Når hydrogen brenn i luft, blir det danna vatn. På jorda er hydrogen det tredje mest vanlege grunnstoffet. Mesteparten er bunde til oksygen og dannar dihydrogenmonoksid (H2O), altså vatn. Noko av hydrogenet er bunde til karbonatom, i organiske sambindingar som olje og gass (hydrokarbon). Tre fjerdedelar av massen i universet er hydrogen, men 90 prosent av alle atoma i universet er hydrogenatom, for hydrogen har lågare eigenvekt enn andre stoff. Sola og dei fte stjernene består av hydrogen. Ein trur òg at mesteparten av planeten Jupiter er danna av hydrogen. Djupt inne i det indre av Jupiter er det så høgt trykk at hydrogenet truleg blir omdanna til fast stoff, som då er eit metall. Hydrogen finst i alle levande dyr og plantar. Det finst i alle delar av kroppen, og utan hydrogen kan vi ikkje eksistere. Vi finn hydrogen i DNA, arvestoffet vårt, i form av hydrogensambindingar som held saman dei genetiske kodane våre. ☞ Les meir om hydrogen på allkunne.no ☜⁣ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⁣ Bilete: NASA løftar på plass ein testdel av tanksystemet for flytande hydrogen til bereraketten SLS (Space Launch System). Fotografert ved Marshall Space Flight Center i Alabama i USA 14.1.2019. Fotograf: Tyler Martin. Kjelde: images.nasa.gov. Utan restriksjonar. ⁣ #allkunne

Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram Profile Photo
allkunne

Allkunne – Levande leksikon

Dari er førstespråket til over 24 millionar menneske i Afghanistan, eller til halvparten av innbyggjarane. Det finst òg over 1 million daritalande i Pakistan. Dari er i tillegg til pasjto offisielt språk i Afghanistan og det viktigaste lingua franca i landet. Dari høyrer til den sørvestlege undergruppa av dei iransk språka, som i lag med dei indoariske og dei dardiske språka utgjer den indoiranske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Saman med tadsjikisk i Tadsjikistan og persisk i Iran utgjer dari ei nypersisk grein av sørvestiransk. Det standardiserte skriftspråket dari har røter i klassisk persisk (sidan 800 e.Kr.), skriftspråket som blei utvikla i arabisk skrift etter innføringa av islam. Dari deler den soga med persisk i Iran og tadsjikisk i Tadsjikistan. Desse tre språka ligg svært nær kvarandre, og persisk (i vidare tyding) kan kallast eit plurisentrisk språk – eitt språk med fleire standardutgåver. I grammatikk og lydsystem er dari og tadsjikisk jamt over meir konservative – og står nærmare klassisk persisk – enn persisk i Iran. ☞ Les meir på allkunne.no ☜⁣ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⁣ Bilete: Afghanske kvinner i Kabul får undervising gjennom programmet Afghan Institute of Learning (AIL). Foto: Direct Relief (2007), flickr.com CC BY-NC-ND 2.0. ⁣ #allkunne

Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram Profile Photo
allkunne

Allkunne – Levande leksikon

22. juni 1706 er representantar for det engelske og det skotske kongedømet samde om ein unionstraktat som skal gjelde frå 1. mai 1707: United Kingdom of Great Britain er komen til verda.⁣ ⁣ Dette gjer engelsk til det vanlege skriftspråket i Skottland, men i tale blir skotsk verande brukt. Skotsk har vore brukt i offentlege dokument like fram til 1603. Den skotske poeten Robert Burns publiserer i 1791 niddiktet «Such a Parcel of Rogues in a Nation» som ein forseinka protest mot avgjerda i det skotske parlamentet. I hundreåra som følgjer, blir skotsk verande eit mindre brukt språk enn engelsk. Forholdet mellom dei to språka minner mykje om forholdet mellom bokmål og nynorsk i Noreg.⁣ ⁣ Frå 20. oktober 2008 opnar Stortinget i Noreg den nye nettstaden sin med delvis eigen språkversjon på nynorsk. Det skotske parlamentet tek året etter i bruk også skotsk på nettstaden sin.⁣ ⁣ Spørsmålet om skotsk sjølvstende har vore der lenge, og 15. oktober 2012 gjer England og Skottland ein avtale om at Skottland skal halde folkerøysting om sjølvstende i 2014. Den 18. september 2014 svarer 55,3 % nei på spørsmålet «Should Scotland be an independent country?».⁣ ⁣ ☞ Les meir på allkunne.no ☜⁣ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⁣ Bilete: illustrasjonsfoto av det skotske og det britiske flagget. Kjelde: Kyoshi Masamune på flickr.com. CC BY-NC 2.0.⁣ ⁣ #allkunne  

English Turkish