Othersta
  1. Homepage
  2. @allkunne
Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram Profile Photo

allkunne

Allkunne – Levande leksikon

Allkunne.no er eit digitalt oppslagsverk på nynorsk. Her finn du foto og fakta om mange emne.

https://www.allkunne.no/

Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram photos and videos

List of Instagram medias taken by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne)

Gjennom sommaren deler Allkunne drypp om språkbruk frå Språkfakta. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

Gjennom sommaren deler Allkunne drypp om språkbruk frå Språkfakta. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

Gjennom sommaren deler Allkunne drypp om språkbruk frå Språkfakta. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

Gjennom sommaren deler Allkunne drypp om språkbruk frå Språkfakta. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ I interaktivt språkkart over Europa på allkunne.no kan du sjå kva land som har ratifisert Minoritetsspråkpakta med kva språk. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

Gjennom sommaren deler Allkunne drypp om språkbruk frå Språkfakta. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ «Språkfakta 2015» er den mest omfattande dokumentasjonen av språk som nokon gong har vore gitt ut på norsk, skrive og samla inn av Ottar Grepstad. På allkunne.no kan du no e utdrag frå «Språkfakta 2015», presentert med informasjonsgrafikk og interaktivt språkkart og tabellar. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

Hulda Holtvedt (f. 1.6.1999) er den yngste ungdomspartileiaren i Noreg nokon gong. Holtvedt blei vald til nasjonal kvinneleg talsperson for Grøn Ungdom, ungdomspartiet til Miljøpartiet Dei Grøne, i 2017 og utgjer leiarduoen i ungdomspartiet saman med Teodor Nordenstrøm Bruu. Ho blei politisk aktiv tidleg, og allereie som 12-åring melde seg inn i Grøn Ungdom. Holtvedt har eit sterkt engasjement for klimasaka, og trass i den unge alderen har i fleire år vore aktiv og synleg i media gjennom debattar i fjernsyn og radio og gjennom arinnlegg og kronikkar. Ho er vararepresentant nr. 3 til Stortinget for Oslo MDG for perioden 2017–21, og i mars 2019 debuterte som den yngste parlamentariske leiaren gjennom tidene. Holtvedt fekk refs for brot på parlamentarisk praksis då i det første innlegget sitt på Stortinget kalla klimapolitikken ein flopp. Holtvedt har hatt ulike verv i Elevorganisasjonen i Oslo, i tillegg til verva i Grøn Ungdom. Ho var bloggar for FN-sambandet i 2015–16 og fast skribent i Aftenposten si spalte Si;D i fleire år. ☞ Les meir på allkunne.no ☜⁣ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⁣ Bilete: Hulda Holtvedt (2019). Foto: Magnus Skrede / MDG. Kjelde: Grønn Ungdom på flickr.com. CC BY-ND 2.0. ⁣

I dag er det 140 år sidan pressemannen og arbeidarpartipolitikaren Martin Tranmæl (1879–1967) vart fødd i Melhus i Trøndelag. Han er rekna som den fremste politiske leiaren i Arbeidarpartiet i mellomkrigstida. Tranmæl var medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet mellom 1906 og 1918, og av sentralstyret frå 1918 til 1963. Frå 1921 til 1949 var han redaktør av hovudorganet i partiet, Social-Demokraten (frå 1923 Arbeiderbladet). Han var med på alle LO-kongressane frå 1907 til 1961, og han var medlem av sekretariatet i 1920–25 og 1927–46. På Stortinget sat han frå 1925 til 1927. Martin Tranmæl tok initiativet til Fagopposisjonen av 1911, som tok sikte på å gjere fagrørsla meir eigna for revolusjonær kamp. Tranmæl stod sentralt i arbeidet med å utforme etterkrigspolitikken til partiet, og han var også ein viktig politisk figur i partiet i 1950-åra. Han var el aktiv avhaldsmann. ☞ Les meir på allkunne.no ☜⁣ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⁣ Bilete: fotografi av Martin Tranmæl. Eigar: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: AAB-114242. CC BY-NC-ND 4.0. ⁣

26. juni 1945 blir skipingskonferansen for Dei sameinte nasjonane (SN/FN) i San Francisco avslutta. Konferansen opna same staden 25. april. 50 deltakarland er blitt samde om ei pakt for eit nytt verdsforbund som skal kome i staden for Folkeforbundet. Det er blitt skipa 1919 og har på det meste hatt 58 medlemsland. Deltakarlanda som er til stades i San Francisco, signerer pakta på avslutningsdagen. Pakta gjeld offisielt frå 24. oktober 1945, som seinare blir feira som SN-dagen. Alt ved utgangen av året har SN 51 medlemsland, og i 1946 blir Folkeforbundet oppløyst. Det nyaste medlemslandet er Sør-Sudan, som 14. juli 2011 blir medlemsland nr. 193. I Folkeforbundet var fransk, engelsk og spansk offisielle språk, og på eit tidspunkt blei det vurdert å innføre esperanto som arbeidsspråk. SN har frå skipinga fem offisielle språk – engelsk, fransk, mandarin, russisk og spansk. I 1973 blir arabisk det sjette offisielle språket. Arbeidsspråka er engelsk og fransk, og i 1974 får tysk status som dokumentspråk. ☞ Les meir på allkunne.no ☜⁣ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⁣ Bilete: frå eit møte 4. mai 1945 under skipingskonferansen for SN. Kjelde: United Nations Photo på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0. ⁣

Hydrogen er det lettaste og minste av grunnstoffa. Det blir brukt i romferjer, luftskip og som alternativ energikjelde i staden for fossile brennstoff. Namnet hydrogen kjem frå dei greske orda hydor, som tyder 'vatn', og genos, som tyder 'slekt'. Når hydrogen brenn i luft, blir det danna vatn. På jorda er hydrogen det tredje mest vanlege grunnstoffet. Mesteparten er bunde til oksygen og dannar dihydrogenmonoksid (H2O), altså vatn. Noko av hydrogenet er bunde til karbonatom, i organiske sambindingar som olje og gass (hydrokarbon). Tre fjerdedelar av massen i universet er hydrogen, men 90 prosent av alle atoma i universet er hydrogenatom, for hydrogen har lågare eigenvekt enn andre stoff. Sola og dei fte stjernene består av hydrogen. Ein trur òg at mesteparten av planeten Jupiter er danna av hydrogen. Djupt inne i det indre av Jupiter er det så høgt trykk at hydrogenet truleg blir omdanna til fast stoff, som då er eit metall. Hydrogen finst i alle levande dyr og plantar. Det finst i alle delar av kroppen, og utan hydrogen kan vi ikkje eksistere. Vi finn hydrogen i DNA, arvestoffet vårt, i form av hydrogensambindingar som held saman dei genetiske kodane våre. ☞ Les meir om hydrogen på allkunne.no ☜⁣ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⁣ Bilete: NASA løftar på plass ein testdel av tanksystemet for flytande hydrogen til bereraketten SLS (Space Launch System). Fotografert ved Marshall Space Flight Center i Alabama i USA 14.1.2019. Fotograf: Tyler Martin. Kjelde: images.nasa.gov. Utan restriksjonar. ⁣

Dari er førstespråket til over 24 millionar menneske i Afghanistan, eller til halvparten av innbyggjarane. Det finst òg over 1 million daritalande i Pakistan. Dari er i tillegg til pasjto offisielt språk i Afghanistan og det viktigaste lingua franca i landet. Dari høyrer til den sørvestlege undergruppa av dei iransk språka, som i lag med dei indoariske og dei dardiske språka utgjer den indoiranske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Saman med tadsjikisk i Tadsjikistan og persisk i Iran utgjer dari ei nypersisk grein av sørvestiransk. Det standardiserte skriftspråket dari har røter i klassisk persisk (sidan 800 e.Kr.), skriftspråket som blei utvikla i arabisk skrift etter innføringa av islam. Dari deler den soga med persisk i Iran og tadsjikisk i Tadsjikistan. Desse tre språka ligg svært nær kvarandre, og persisk (i vidare tyding) kan kallast eit plurisentrisk språk – eitt språk med fleire standardutgåver. I grammatikk og lydsystem er dari og tadsjikisk jamt over meir konservative – og står nærmare klassisk persisk – enn persisk i Iran. ☞ Les meir på allkunne.no ☜⁣ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⁣ Bilete: Afghanske kvinner i Kabul får undervising gjennom programmet Afghan Institute of Learning (AIL). Foto: Direct Relief (2007), flickr.com CC BY-NC-ND 2.0. ⁣

22. juni 1706 er representantar for det engelske og det skotske kongedømet samde om ein unionstraktat som skal gjelde frå 1. mai 1707: United Kingdom of Great Britain er komen til verda.⁣ ⁣ Dette gjer engelsk til det vanlege skriftspråket i Skottland, men i tale blir skotsk verande brukt. Skotsk har vore brukt i offentlege dokument like fram til 1603. Den skotske poeten Robert Burns publiserer i 1791 niddiktet «Such a Parcel of Rogues in a Nation» som ein forseinka protest mot avgjerda i det skotske parlamentet. I hundreåra som følgjer, blir skotsk verande eit mindre brukt språk enn engelsk. Forholdet mellom dei to språka minner mykje om forholdet mellom bokmål og nynorsk i Noreg.⁣ ⁣ Frå 20. oktober 2008 opnar Stortinget i Noreg den nye nettstaden sin med delvis eigen språkversjon på nynorsk. Det skotske parlamentet tek året etter i bruk også skotsk på nettstaden sin.⁣ ⁣ Spørsmålet om skotsk sjølvstende har vore der lenge, og 15. oktober 2012 gjer England og Skottland ein avtale om at Skottland skal halde folkerøysting om sjølvstende i 2014. Den 18. september 2014 svarer 55,3 % nei på spørsmålet «Should Scotland be an independent country?».⁣ ⁣ ☞ Les meir på allkunne.no ☜⁣ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⁣ Bilete: illustrasjonsfoto av det skotske og det britiske flagget. Kjelde: Kyoshi Masamune på flickr.com. CC BY-NC 2.0.⁣ ⁣  

21. juni 1377 døyr kong Edvard III. Han var den første kongen som talte på engelsk i Parlamentet, i 1362. Då bestemmer han også, i eit dokument på fransk, at no skal berre engelsk brukast i Parlamentet og i rettssalane. Året etter blir difor Parlamentet for første gong opna på engelsk. Bruk av engelsk har vore under jamt aukande press etter at Vilhelm Erobraren hadde teke kontroll over landet i 1066. Mange ord frå det franske lovspråket blir verande i engelsk, som jury og evidence, men også franske kvardagsord som onion, chair og music. Den 12. mars 1364 døyr den engelske krønikeskrivaren og benediktinarmunken Ralph Higgen. I krønika Polychronicon klaga han i 1327 over at til skilnad frå andre land, der borna lærer på sine eigne språk, må engelske skuleborn gjere leksene sine på fransk, og overklasseborn lærer jamvel fransk like frå fødselen av. Det same gjeld dei som gjerne vil bli rekna som overklasse: «and oplondysch men wol lykne hamsylf to gentilmen, and fondeþ wiþ gret bysynes for to speke Freynsch, for to be more ʒ-tolde of.» Dette snur utover på 1400-talet, og i 1489 skriv det engelske kongehuset for siste gong eit brev på fransk. Ein skikk som blir innført i 1066, står ved lag den dag i dag. Når lover og meldingar blir sende mellom Overhuset og Underhuset, blir dei pakka inn i papir med gamalfransk tekst. ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete: oljemåleri av kong Edvard III frå perioden 1597–1618. Ukjend kunstnar. Kjelde: National Portrait Gallery. NPG 4980(7). CC BY-NC-ND 3.0.

20. juni 1992 blir Paraguay det første latinamerikanske landet som gjer eit urfolksspråk til nasjonalt, offisielt språk. Artikkel 140 i grunnlova frå 1992 fastset at Paraguay er ein multikulturell og tospråkleg stat, og dei offisielle språka er spansk og guaraní: «Urfolksspråk og andre minoritetsspråk er del av landets kulturarv.» Guaraní blir brukt av om lag 94 prosent av innbyggjarane i Paraguay og er for eit identitetsmerke å rekne. Det er også utbreidd i Argentina, Bolivia og Brasil. Guaraní er det einaste urfolksspråket i Amerika der urfolk sjølve ikkje er i fleirtal blant brukarane. Den sterke posisjonen for guaraní kjem særleg av at jesuittane i si tid brukte guaraní i si forkynning til urfolk i Paraguay frå 1609 til dei blei kasta ut i 1767. Det har også vore viktig at språket er blitt verande i privat bruk, slik katalansk blei i forbodstida under Franco-regimet i Spania. Dessutan stengde makthavarane i Paraguay ei tid landegrensene og verna dermed eige språk og kultur. Langt på veg er spansk og guaraní blitt gjensidig avhengige av kvarandre i dette landet, der alle presidentar har meistra begge språka. Saman med vedtaket i 1992 om å gjere guaraní til offisielt språk set styresmaktene i gang eit større opplæringsprogram for både guaraní og spansk i heile skuleverket. I byen Fernando de la Mora ligg Ateneo de Lengua y Cultura Guaraní, eit institutt som fremjar bruken av språket. ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete: Paraguay-supporterar held opp nasjonalflagget under kampen mot Italia i fotball-VM i Sør-Afrika 14.6.2010. Kampen enda 1–1, og Paraguay kom seg til kvartfinalen – landets beste VM-resultat. Kjelde: gavin bloys på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

19.6.1920 blei Bondepartiet skipa på landsmøtet til Landsmandsforbundet i Kristiansand. Med 356 mot 9 røyster vedtok landsmøtet «vern om alt norsk i sed og skik og sprog bl.a. ved paa grundlag av likestilling mellem vore to maal, at fortsætte arbeidet for et fæl norsk maal i landet». I 1959 skifta partiet namn til Senterpartiet. Senterpartiet vart eit politisk parti fordi mange bønder og folk på bygdene opplevde at interessene deira ikkje vart tekne godt nok vare på av dei andre partia. Senterpartiet appellerte til desse veljargruppene og vart frå første stund eit parti å rekne med i norsk politikk. Senterpartiet har både historisk og i dag stått nær Noregs Bondelag. Kjernesaker for partiet er distriktspolitikk, samferdsel og nasjonal sjølvråderett. Senterpartiet står mykje sterkare i Bygde-Noreg enn i byane. Partiet søkjer alliansar og forhandlingsløysingar som kan sikre likeverdige tenestetilbod til dei som bur i utkantane. Senterpartiet har vore representert på Stortinget ved alle val etter skipinga. Det har vore tre statsministrar frå Senterpartiet i norsk politisk historie: Peder Kolstad (1930–31), Jens Hundseid (1931–32) og Per Borten (1965–71). ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete: Per Borten. Kjelde: ©Stortingsarkivet/Scanpix.

18. juni 1815 tapte den franske statsleiaren Napoleon Bonaparte slaget mot britane ved Waterloo i dagens Belgia. Slaget gjekk først for Napoleon, men då den prøyssiske hæren slutta seg til, vart overmakta for stor. Napoleon tapte, måtte abdisere for andre gong og vart forvist til øya St. Helena i Atlanterhavet. Under napoleonskrigane (1792–1815) la Frankrike under seg store landområde, men måtte til slutt gi tapt. Frankrike kjempa mot ulike alliansar av europeiske statar i løpet av perioden. På fredskongressen i Wien (1814–1815) vart europakartet teikna på nytt, med store landutvidingar, særleg for Russland og Preussen. Avtalen sikra ein betre maktbalanse i europeisk politikk og skapte europeisk fred i nær førti år framover. ☞ Les meir om napoleonskrigane på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete: utsnitt av måleri av Napoleon Bonaparte. Jacques-Louis David; «The Emperor Napoleon in His Study at the Tuileries», 1812. Kjelde: National Gallery of Art (Washington, D.C.). Fritt tilgjengeleg.

Stein Versto skal vere festspeldiktar saman med Odd Nordstoga under Dei nynorske festspela i juni 2020. Stein Versto (f. 1957) er kulturarbeidar og kunstnar med mangesidig aktivitet som forfattar, musikar, omsetjar og forlagsredaktør. Han har òg vore leiar av Det litterære råd i Den norske forfattarforeininga. Versto debuterte med novelamlinga Ho blei borte i trappene (1990). Han har òg omsett litteratur, både songtekstar, barnebøker, ein roman og ein operalibretto. Ein viktig plass i forfattarskapen har tekstane til songar framførte av ulike artistar, både gruppa «Bukkene Bruse» og Herborg Kråkevik, men framfor alt Odd Nordstoga. Versto er sjølv hardingfepelar og har samarbeidd med Knut Hamre og andre. Det er i det heile ein særmerkt eigenskap s Stein Versto at han gjer så fortenestefull kunstnarleg innsats på mange felt innanfor skriving og musikk. ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete: Stein Versto. Foto: Ånond Versto. Kjelde: Samlaget. Brukt med løyve for Allkunne.

Møre Folkehøgskule

Flott stemning og kunnskapsfulle folk på festspelkvissen med Allkunne i går kveld! Foto av vinnarlaget, lag Vankunne (ironisk nok) med @eivindmyklebust @hopelaus @elinebjoe @eiksgeir @synnovemarie @kvitr @jorgenem! Til lukke med sigeren! ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Takk også til laga Dølen, Ivars Angels, 54, Oslo1, Administrasjonen, Hovdebygda og Same Skiten for deltakinga og innsatsen! ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

Jan Inge Sørbø (f. 1954 i Rennesøy) er professor, forfattar og kommentator. Sørbø gjekk frå journalistikk til vitskap og har skrive den første samla framstillinga om nynorsk skjønnlitteratur. I 1998 avla Sørbø ei doktoravhandling om diktaren Arnold Eidslott og filosofen Theodor W. Adorno, og i 2001 blei han til professor i nordisk litteraturvitskap ved Høgskulen i Volda, og seinare professor i nynorsk skriftkultur same stad. Frå 2009 har han vore professor ved Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda. I åra 1993–97 var han redaktør i Syn og Segn. Sørbø er ein profilert debattant, mellom anna som kommentator i Dag og Tid frå 2010, og har også vore litteraturkritikar. Han var med i den komiteen som i 2008 la fram forslag til ny salmebok. Med Frå gamle fjell til magma (2004) gav Jan Inge Sørbø ut den første samla framstillinga av den nynorske skriftlyrikken gjennom 150 år. Til 150-årsjubileet for Det Norske Samlaget i 2018 gav han ut Nynorsk litteraturhistorie med mange nyingar av skjønnlitteratur frå Ivar Aasen til Gunnhild Øyehaug. ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete: Jan Inge Sørbø. Foto: Agnete Brun / Samlaget. Brukt med løyve for Allkunne.

English Turkish